Magma topp logo Til forsiden Econa

Hallvard Lyssand

Forskningsnytt fra Norges Handelshøyskole

Dei neste fira åra har NHH toppa laget, og skal sameine krefter i et satsingsprogram om krise, vekst og omstilling. Satsinga vert leia av professor Victor Norman, som snart kan presentere resultata frå forprosjekta, som danner grunnlag for vidare arbeid.

Tekst: Hallvard Lyssand

NHH, SNF og AFF har etablert eit femårig satsingsprogram med tittelen Krise, omstilling og vekst. Målet er å få til ein fagleg dugnad som utnyttar heile det breie spekteret av økonomiskadministrativ kompetanse som finst i NHH-miljøet. Det handlar om å forstå og formidla årsaker og konsekvensar, men også om å sjå kva nye mogelegheiter ei krise opnar for.

Krise i mange næringar

Finanskrisa og den påfølgjande økonomiske nedturen representerer ei massiv utfordring for styresmakter, næringsliv og hushald over heile kloden. Førebels har rett nok Noreg sleppt lettare enn andre land. Men ikkje før var 17. mai-feiringa over, så kom tala som syner at BNP for fastlands-Noreg har falle to kvartal på rad - definisjonen på resesjon.

Er botn nådd no? Er det teikn som tydar på at ting har stabilisert seg og at vi kan rekna med ny vekst? Eller er det berre ein pause før fallet held fram mot nye djupner? Dei mange spørsmåla kring situasjonen i verdsøkonomien er også ei gigantisk utfordring for det økonomiske fagmiljøet. Både når det gjeld å forstå kva som skjer og kvifor det skjer, og å gje godt grunngjevne råd til styresmakter og næringsliv om korleis krisa best kan taklast og å forklara situasjonen for studentar og ålmente.

- Det har vore mange store og viktige satsingar i NHH-miljøet tidlegare. Porter-prosjekta om norske næringsklynger, analysane av finanskrisa på 1990-tallet og det store arbeidet som vart gjort i tilknyting til liberaliseringa av energimarknadene i Noreg er nokre døme. Eg kjenner likevel ikkje til at ein nokon gong før har forsøkt å trekkja på heile NHH-miljøet i eitt stort satsingsprogram, seier NHH-professor og SNF-styreleiar Victor D. Norman, som er leiar for prosjektet si styringsgruppe.

Sidan januar i år har gruppa arbeidd med organisering av storsatsinga. I slutten av april vart NHH miljøet presentert for planar og forprosjekt og invitert til å koma med innspel og bidrag. Norman understreka ved dette høvet at den pågåande krisa er så omfattande at all kunnskap, frå finans- og investeringsteori til omstillingskompetanse, potensielt er relevant i høve til satsingsprogrammet.

- Responsen har vore udelt positiv, og det kjem ein jamn straum av innspel, konstaterer han litt over ein månad etter presentasjonen.

Fire forprosjekt

Sjølve hovudforskingsprogrammet skal etter planen føregå i fireårsperioden 2010-2013. For å leggja eit grunnlag for hovudsatsinga er det sett i gang fire forprosjekt som studerer krisa sine årsaker og konsekvensar frå ulike hald og på ulike nivå (sjå rammesak). I alt 30 forskarar ved NHH og SNF er allereie involverte.

Då forprosjekta vart presenterte for NHH-miljøet påpeikte Norman at desse er å rekna som ein start, og ikkje er meint å leggja tematiske band på satsingsprogrammet.

- Det er sikkert tema som er litt på sida av forprosjekta, som til dømes klima og etikk. Men vi er mottakelege for alle innspel, fastslo han.

Forprosjekta og anna innleiande arbeid i 2009 vert finansiert med cirka to millionar kroner frå mellom anna SNF, NHH og Forskningsrådet. Samstundes vert det arbeid med finansieringa av sjølve hovudprogrammet.

Formidlingsmessig er målet å presentera nyhende, problemstillingar og forskingsresultat frå satsingsprogrammet relativt kontinuerleg via ulike kanalar som internett til konferansar. Resultata frå dei fire forprosjekta skal til dømes presenterast og debatterast på NHH sin Høstkonferanse i Oslo i november i år.

Viktig i undervisninga

Krise, omstilling og vekst vil også setja sitt preg på undervisninga ved NHH, heilt frå introduksjonskurset på bachelornivå via masterprofilane til NHHs executive-studier. Tematikken skal takast inn i eksisterande kurs, og det skal i tillegg opprettast eigne kurs.

- På informasjonsmøtet vart det mellom annet påpeikt frå salen at det er ei kopling mellom krisen og dei mange kandidatane ulike handelshøyskoler har uteksaminert. Har sjølvkritikk ei rolle å spela i satsingsprogrammet, såvel forskingsmessig som i undervisninga?

- Nei, kriseprosjektet er korkje sjølvkritikk eller avlat. Krisa er så alvorleg at vi må bruka det vi har av idear og kompetanse til å konsentrere oss om ho - så får sjelegransking koma etterpå. Det vi likevel skal sørgja for, er at studentane ved NHH får med seg dei lærdommane ein kan trekkja av krisa, konkluderer Norman.

Krise, omstilling og vekst, (forprosjekt)

Stabilisering og økonomisk politikk

Førsteamanuensis Gernot Doppelhofer ved Institutt for samfunnsøkonomi har ansvaret for prosjektet Stabilisering og økonomisk politikk.

-Prosjektet tek utgangspunkt i korleis framveksten av globale finansielle ubalansar skapte eit avhengighetstilhøve mellom sparande land som Kina og gjeldsakkumulerande land som USA. Dette la grunnlaget for etterkrigstidas djupaste og mest synkroniserte resesjon. Det herskar framleis stor usikkerheit om kor lenge resesjonen vil vara, om oppgangen vil bli heterogen med omsyn til styrke og timing i ulike land og om verknadane av dei observerte massive politikk-responsane, seier professor Øystein Thøgersen (bildet), som har vore involvert i planlegginga av prosjektet.

-Prosjektet vil analysera alternative utviklingsforløp for verdsøkonomien og evaluera konsekvensane av alternative strategiar for den makroøkonomiske politikken, legg han til.

Bransjer, bedrifter og organisatoriske prosesser

Førsteamanuensis Lasse B. Lien frå Institutt for strategi og ledelse styrer prosjektet Bransjer, bedrifter og organisatoriske prosesser.

-Her er det vanskeleg å peika på ei kjerne. Det er nok snakk om minst tre kjernar, seier Lien.

-Ein del føregår på bransjenivå og fokuserer på korleis krisen slår ut i ulike bransjar, korleis dei ulike bransjane responderer, kvifor og kva konsekvensane vert. Vidare går vi inn på bedriftsnivå og prøver å forklara forskjellar i måten bedrifter taklar krisen. På eit tredje nivå tar vi for oss dei organisatoriske prosessane innad i verksemder og spør kvifor krisen vert takla ulikt når det kjem til omstilling og liknande, fortsett han.

Globalisering: Omstillingsbehov og omstillingsstivhet

Victor D. Norman frå Institutt for samfunnsøkonomi leier eit prosjekt som har fått tittelen Globalisering: Omstillingsbehov og omstillingsstivhet.

-Spørsmålet vi ser på er om krisa botnar i manglande omstillingsevne i USA, Europa og Japan, forklarar Norman.

-Konkurransen frå Kina og India skulle ha fått oss i dei rike landa til å utvikla ein ny, kunnskapsbasert økonomi. Mykje tyder på at vi berre delvis har klart det. I staden er mykje av dei ressursane vi har fått frigjort, fordi Kina og India produserer tradisjonelle industrivarer for oss, gått til bobleinvesteringar i bustader. I forprosjektet leiter vi etter forklaringar på dette, utdjupar han.

The Financial Crisis: Liquidity, Securitization, and Leverage

Professor Kjell G. Nyborg ved Institutt for foretaksøkonomi leier prosjektet The Financial Crisis: Liquidity, Securitization, and Leverage (Finanskrisen: Likviditet, sekuritisering og belåning).

-Vi ser på krisa og implikasjonane av ho frå eit finansmarknadsperspektiv. Vi har valt å fokusera på tre sentrale moment: marknaden for likviditet, sekuritisering og belåning, forklarar Nyborg.

-Marknaden for likviditet er heilt sentral i krisa. Det var her krisa først slo ut i august 2007. Denne marknaden er også heilt sentral i banksystemet, og det er derfor viktig å forstå den aktuelle marknaden betre. Sekuritisering spelar ei viktig rolle imarknaden for likviditet og angiveleg også i krisa. Krisa vart til dømes først omtala som «subprimekrisa». Dette hadde bakgrunn i brei sekuritisering av subprime lån. Belåning har angiveleg også vore viktig. Belåningsgraden var historisk høg før krisa, og den såkalte «deleveraging-prosessen» under krisa kan ha forsterka krisa.


© Econas Informasjonsservice AS, Rosenkrantz' gate 22 Postboks 1869 Vika N-0124 OSLO
E-post: post@econa.no.  Telefon: 22 82 80 00.  Org. nr 937 747 187. ISSN 1500-0788.

RSS