Magma topp logo Til forsiden Econa

Tekst: Bendik Støren

Menn tek største vinsten i parforhold

Dei økonomiske fordelane ved å bu saman med ein partnar er store, men vinsten er ulikt fordelt. Menn tek ut den største vinsten. Kvinner konsumerer langt mindre.

Par som delar på utgiftene i eit felles hushald oppnår store økonomiske fordelar. Men vinsten blir ikkje fordelt likt mellom partane, slik forskinga ofte går ut frå.

Såleis undervurderer vi den reelle økonomiske ulikskapen, både mellom menn og kvinner og heilskapleg i samfunnet.

Det meiner Aline Bütikofer, førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsøkonomi på NHH og forskar knytt til CELE (sjå under). Ho har sett på dei økonomiske vinstane ved å bu saman, og korleis desse blir fordelte mellom kjønna.

Sparar saman

Bütikofer finn at personar som bur saman i snitt konsumerer for heile 139 prosent av den samla inntekta si. Dette føreset at partane held på preferansane sine frå før dei gjekk inn i forholdet, og såleis verdset materielle ting på same måten som dei gjorde før.

Det auka konsumet kjem av stordriftsfordelar ved sambuarskapet. Til dømes kan dei dele på kjøken og bad, og både husleige og straumutgifter per person kan gå monaleg ned om ein går frå ein til to, seier Aline Bütikofer.

I Noreg blir det stadig fleire som bur åleine. Ein av fem budde i 2014 for seg sjølv, eller 960 000 personar, i følgje SSB. Dei utgjorde heile 41 prosent av alle hushalda.

Vaksne i kollektiv

– Alle veit at det løner seg å bu saman. I andre land er det også meir utbreidd at vaksne bur i kollektiv. Meir oppsiktsvekkande er det kanskje at det heng saman med økonomisk ulikskap, seier Bütikofer.

Eit mål på stordriftsfordelane i parforhold er kor stor del av den totale inntekta ein partnar må ha for å kunne leve eit like behageleg liv på eiga hand. Om ein berre konsumerer 50 prosent av konsumet av hushaldet, er det altså inga stordriftsfordelar.

– Ved den gjennomsnittlege fordelinga av konsum mellom menn og kvinner, treng kvinner 64 prosent av den totale inntekta for å ha det like bra på eiga hand, medan mennene treng 75 prosent, seier Bütikofer.

Meritokratisk

Eit vanleg utgangspunkt er å tenkje at hushaldet legg heile inntekta si i potten, og at dei så fordeler konsumet ut frå det som ligg i potten. Fordelinga blir med det eit slags mål på forhandlingsmakt i heimen. Bütikofer finn at delen av konsumet kvinna står for, varierer med kor stor del av total inntekt ho bidreg med.

– Menn tener meir, og bestemmer i ein større grad kva hushaldet konsumerer. Når inntekta deira er lik, er konsumet til kvinnene tilnærma lik halvparten.

I studien til Bütikofer ligg kvinnene sin del av konsumet mellom 30 og 60 prosent av totalen.

– Det er altså nokre som får meir enn halvparten, men om lag 30 prosent av kvinnene konsumerer signifikant mindre enn halvparten av det totale konsumet i hushalda, seier ho.

Ulikskapar mellom land og hushald

Undersøkinga er basert på tal frå Sveits, i perioden 2000 til 2008. Bütikofer meiner at slike ulikskapar finst også i Noreg. Blant personar på 30 år, tener menn og kvinner ganske likt, medan hjå dei eldre er forskjellane større. Dette er ein trend i mange europeiske land.

Til vanleg skildrar forskarar ulikskap i eit land ved å måle ulikskap mellom hushalda. Men om det i tillegg er ulikskap internt i hushaldet, er den totale ulikskapen større enn det som kjem fram.

Om ein måler forskjellar mellom husstandar, og legg til forskjellane internt i husstandane, blir resultatet 16 prosent større i vårt tilfelle, seier Bütikofer.


© Econas Informasjonsservice AS, Rosenkrantz' gate 22 Postboks 1869 Vika N-0124 OSLO
E-post: post@econa.no.  Telefon: 22 82 80 00.  Org. nr 937 747 187. ISSN 1500-0788.

RSS