Magma topp logo Til forsiden Econa

Hallvard Lyssand

Satsar 104 millionar på skatteforskning

– Eit godt skattesystem er heilt sentralt, men det kjem ikkje av seg sjølv. Eg ser fram til å samarbeida med dykk om å gjera eit godt system endå betre, sa finansminister Sigbjørn Johnsen då han onsdag opna NHH og UiO sine nye skatteforskingssenter.

Den offisielle opninga ved NHH onsdag markerte starten for høvesvis Norwegian Center for Taxation, som skal drivast i regi av NHH og SNF, og vert leia av professor Guttorm Schjelderup, og Oslo Fiscal Studies, som held til ved UiO under leiing av professor Vidar Christiansen.

Til saman vert det brukt 104 mill. kroner i dei nye sentra. Måla er å få ny kunnskap om skatt, skatteunndraging og etterleving av skattereglane, og å styrka forsking og undervisning innan både skatt og offentleg økonomi meir generelt.

Høgt skatta tryggingsnett

– Rett ved sidan av her er NHH sitt nybygg i ferd med å reisa seg. Det er eit godt døme på kva ein får for skattepengane, innleidde finansministeren under opninga.

Han konstaterte at skatt er noko som vedkjem alle direkte, nærast frå vogge til grav, periodevis som mottakar, tidvis som bidragsytar.

– Skattesystemet er folkets beste ven, men det er også ein god ven for finansministeren, og dei ca. 1000 milliardar kronene som kjem inn, kjem godt med, vedgjekk Johnsen.

Ministeren la ikkje skjul på at skattenivået i Noreg er relativt høgt. Han understreka samstundes at det er tett samanheng mellom fungerande velferdsstatar og relativt høge skattenivå, noko den pågåande krisa i Europa kan illustrera.

– Eit robust skattesystem er bra å ha i botn, men bruk av inntektene må sjølvsagt diskuterast kontinuerleg. Det gjev systemet legitimitet. Både Noreg og andre land har dessutan potensial for betre system. Samfunnet er i konstant endring og utvikling, og vi må heile tida søka kunnskap om korleis eit godt system verkar, sa Johnsen.

– Dette er eit viktig program på eit heilt sentralt område for samfunnet, og det er derfor vi bidreg med finansiering. Vi treng sterke fagmiljø på dette området, og vi treng å styrka utdanninga på master- og ph.d.-nivå for å sikra at vi får tilgang på folk med gode basiskunnskapar om både skatteøkonomi og offentleg økonomi generelt, heldt han fram.

Johnsen fastslo at ein hadde vald å støtta to senter fordi begge søknadane var gode, men samstundes hadde ulike tilnærmingar som legg opp til både gjensidig utfylling, litt konkurranse og ein del direkte samarbeid.

– Eit godt skattesystem kjem ikkje av seg sjølv. Med to senter er vi godt rusta til å møta utfordringane som er i vente, og eg ser fram til å samarbeida med dykk om eit endå betre skattesystem, slutta finansministeren.

Solide tradisjonar

Rektor Jan I. Haaland er svært glad for etableringa av senteret på NHH.

– NHH har særleg gode føresetnader for å vera vert for et slikt senter. Vårt tverrfaglege miljø med samfunns- og bedriftsøkonomi, juss, åtferdsøkonomisk forsking og strategi og leiing gjer oss godt rusta til å revitalisera forskinga på skatt og offentleg økonomi, seier han.

Under opninga påpeikte Haaland at NHH har solide tradisjonar innan forsking på offentleg økonomi, og nemnde mellom andre professorane Agnar Sandmo og Kåre Petter Hagen som heilt sentrale på området. Rektor understreka då også at det ikkje var tilfeldig at senteropninga var lagt til auditoriet som ber Sandmo sitt namn.

Skattedirektør Svein R. Kristensen fastslo at direktoratet er stolt over å få samarbeida med NHH.

– Vi er glade for at NHH nyttar heile breidda si, og også knyter til seg internasjonale kapasitetar. Samstundes har vi attraktive data i skattekista vår, og til saman trur eg forskinga vil bidra til å gjera samfunnet betre, konkluderte Kristensen.

Les meir om Norwegian Center for Taxation på nhh.n.

figur

- Noreg og naboane i Norden er så like og har så like utfordringar at denne forskingssatstinga vil verta følgd nøye også i nabolanda, sa professor Jan Södersten, som er leiar for Skatteøkonomisk forskingsprogram i Noregs forskingsråd. Her er han saman med finansminister Sigbjørn Johnsen.

figur

Professor og NoCeT-leiar Guttorm Schjelderup, finansminister Sigbjørn Johnsen, rektor Jan I. Haaland og skattedirektør Svein R. Kristensen var samla ved NHH onsdag i høve opninga av dei nye skatteforskingssentera.

FAKTA:

  • Norwegian Center for Taxation (NoCeT) vert etablert ved NHH i samarbeid med SNF, med midlar frå Noregs forskingsråd, Skattedirektoratet og eigeninnsats frå NHH.
  • Oslo Fiscal Studies (OFS) er finansiert med midlar frå Noregs forskingsråd og eigeninnsats frå UiO, i samarbeid med Frischsenteret og Statistisk sentralbyrå.
  • Forskingsrådet sitt Program for skatteøkonomisk forsking bidreg med 32 mill. kroner til etableringa av dei to sentra.
  • Skattedirektoratet gjev 15 mill. kroner til senteret ved NHH. I tillegg bidreg NHH sjølv med 41 mill. kroner.
  • Vidare bidreg Økonomisk institutt ved UiO med 16 mill. kroner til sitt eige senter.
  • Alle summane skal fordelast over ein periode på fem år.

© Econas Informasjonsservice AS, Rosenkrantz' gate 22 Postboks 1869 Vika N-0124 OSLO
E-post: post@econa.no.  Telefon: 22 82 80 00.  Org. nr 937 747 187. ISSN 1500-0788.

RSS